Soknerådsmøte 30.03.2021


Årets andre møte i Askvoll sokneråd vart gjennomført 30. mars som videomøte. Her kan du sjå protokollen.

 

Av sakene denne gangen var vedtak om nye utleigereglar og betalingssatsar ved utlån og utleige av kyrkjene i Askvoll, justering av årets investeringsbudsjett der ein har fått tilskot frå Riksantikvaren til nye røromnar i Vilnes kyrkje, Årsmelding og årsrekneskap 2020 vart vedteke, og ein valte tilbydar for rådgjevingstenester for det nye restaureringsprosjektet på Holmedal kyrkje. For trusopplæringa er det gjort nokre justeringar i prosjektstillinga, det er oppnemnt eit nytt medlem i trusopplæringsutvalet og det vert sett i gang eit nytt tiltak for fjorårskonfirmantar denne hausten.

Les møteprotokollen her.

Les årsmelding 2020 her.

Les årsrekneskap 2020 her.

Tilbake